Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: I denne fjellsida. Skildring: Har ikkje observert noko på veg opp, køyretur eller skitur.
Skredaktivitet
• 14. feb. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet
Vær
• Snø • -1 °C • 5 m/s fra SV ↗ • 100% skyer • Fall ca 15 cm nysnø frå i går til i dag. Relativt rolege vindforhold på morgonen/føremiddag. Mildt/stigande temp.
Litt vind i ytre del i går innslagsvis kraftig fokksnø, men var vanskelig å sjå frå bygda, men værstasjonar i området målte rundt 20 m/s frå sør-sørvest i går. Truleg over ca 800-900 moh for å få transport av snø. Truleg litt vindtransportert snø i dag også - i ytre del. Innslag av lett snøfokk i indre del.
Snødekke
• 220 cm • Ikke snøfokk • 10 cm • Grense for lagdelt snø er på 400 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Fuktig • Bra • Snødekke som tidlegare. Tørr/fuktig nysnø over ca 800moh i dag, varierande grense i regionen. Litt stigande temp fører til at grensa går litt og litt høgare.
Truleg fokksnøflak mot nord og tilgrensende sektorer i går, tysdag. Spesielt i ytre del. Truleg bunde seg relativt godt. I indre del er ikkje disse flaka spesielt til stades. Ubunden snø/ pågående oppbygging av mjuke flak mot søraust i skrivande stund.
Lokalt; Eldre fokksnø over skare har stabilisert seg godt. Ingen godt utvikla kant på 1000-1100 moh. Lite potent og følgjeleg ikkje aktuelt problem på denne høgda. Skal sjå litt høgare. Kan nevnes, men ikkje eige problem.
Tester
• ECTN10@25cm(Q3) • Middels • Nysnø
• ECTN18@45cm(Q3) • God • Delvis nedbrutt nysnø over fokksnø.
Snøprofil
• V • 35° • Legg ikkje inn begge profilane. Dei var ikkje så spanande... Begge har gunstig temp.gradient for stabilisering. Gradvis hardare nedover - kjennes stabilt ut. • Vedvarende svakt lag: under flak
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 700 moh • Varierande potensiale i regionen, så det er litt vanskeleg å vere presis i angivelsen av dette problemet i dag.
Mest aktuelt i ytre del, men gunstig temp for stabilisering har nok redusert potensialet i det der også. Kan truleg setje grensa enda høgare pga mildværet. Tenker dette er førande for FG i regionen.
Utover det kjennes det ganske stabilt ut. Tenker få formasjonar. iallfall lokalt, men regionalt vil det vere fornuftig med nokre og fg2.'
Om vind avtar i ytre del, og situasjonen stabiliserer seg, så er vi eigentleg på FG1, men det avheng av status i nordre og søndre del (Finse og Sauda).
• Tørre løssnøskred • Ubunden snø • Svært lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 700 moh • Ligg ein del ubunden snø i terrenget: 15-25 cm. Stadvis meir. Kan løyse ut som tørre laussnøskred/mjuke små str.1 flak. Grensa stig nok etter kvart som temp. stig. Fare for små våte laussnøskred under mildværsgrensa om det kjem tilstrekkeleg nedbør ifm regn.
Skredfarevurdering
• Ver obs i formasjonar som har samla fersk nysnøflak/ vindtransportert snø. Varierande vindretning kan ha aktualisert problemet i fleire himmelretninger. Det kan vere lett å løyse ut skred og nokre skred kan verte store nok til å begrave deg. Det er ein del variasjon i regionen, mest aktuelt i ytre del, så skredproblemet vil ha varierande potensiale og følgjeleg vil skredfaren også variere regionalt.
Det har også falle ein del nysnø siste 24-48 timar. Stadvis kan det vere særs lett å løyse tørre laussnøskred. Skreda antas å verte små, men ver obs om du ferdes i utsatte formasjonar, nær terrengfeller.
Stadvis ligg eldre fokksnø over glatt skare. Det har bunde seg relativt godt, men ver litt obs på konvekse formasjonar i terrenget, der henget har dårlig understøtte. På spesielt utsatte plasser kan det vere mogleg å løyse ut skred, og skreda kan verte store nok til å begrave deg. • Relativt stabile forhold dei neste dagane, men ut i frå værmeldinga så kan det sjå ut som det skal blåse relativt kraftig i ytre del frå søraust på torsdag, spesielt frå ettermiddag/kveld. Kan tenkes at det vert litt regionale forskjeller den/dei dagane. Truleg rolegare frå fredag føremiddag av og gjennom helga. Eg skal følge med på d i morgon.
Oppdatert: ser at temp. skal ganske mykje opp i kombinasjon med regn. Det kan føre til ein litt kvassare situasjon. Mogleg FG3, men det kan hende at snødekket vil absorbere nedbøren på ein gunstig måte og følgjeleg kan det hende vi ikkje får spesielt mykje aktivitet av større karakter. Det er avhengig av kor høgt mildværet går og når det kjem nedbør. Det skal, tilsynelatande, roe seg litt med nedbør når det er på det varmaste, men dette er naturleg nok usikkert. • 2 Moderat • Lokalt ligg eg på FG1, men regionalt vil detkanskje vere fornuftig med FG2. Eg går høgare I terrenget for å sjå nærare på evt kant og fokksnø. Mogleg det utfordre min eigen FG. Tvilar på at eg finn noko spesielt. Mest for å utelukke det.
Legg ikkje inn dårlig binding mot skare då eg tenker at det ikkje har nok utbreiing mtp aktuelle formasjonar, men nevner det som ein del av teksten.
Notater
• Redigere obs undervegs. Går høgare no.