Faretegn
• Rask temperaturstigning • Område: I dalen/fjorden. Skildring: Mildværet trekker innover regionen. Fyrst ytre del.
• Fersk vindtransportert snø • Det var litt moderat - innslagsvis kraftig - snøfokk i dag tidleg. Roa seg etter kvart som mildværsgrensa gjekk høgare og det byrja å regne. Litt obs om det har føyka ned overflatekant i høgda - over ca 1000 moh +/-.
Vær
• Regn • 3 °C • 15 m/s fra SØ ↖ • 100% skyer • Sør-søraust. Mildt. Regn frå klokka 09.00. Tiltakande vind. +20 m/s i kasta. Dreiande til sørleg retning kl. 11.00.
+4 grader på 600+ moh i ytre del. Mildt/regn truleg ca 1200 moh. Litt lågare grense i indre del per no. Temp. auker vidare utover. Det kjem til å regne like til topps utover dagen.
Snødekke
• Truleg våt overflate opp til 1200 moh+ i ytre del i dag. Innslagsvis så regnar det nok opp til 1400 +/- moh. Litt lågare grense per no i indre del, men mildværet pregar overflata i heile regionen.
Varierande snøgrense i regionen: 400-800 moh avhengig av himmelretning og lokalitet: fjordnært/dalane og indre ifht ytre del.
Forut for mildværet så låg det eldre fokksnøflak mot nord og tilgrensande himmelretningar - frå ca 1100 moh og opp. Varierande i regionen. Også eldre avrunda rim. Truleg mest aktuelt i indre del, men om mildværet trekk så høgt og ein får nedbør ifm regn, så kan det hende at ein får litt aktivitet på dette ifm flakskred. Truleg avgrensa str. pga avgrensa utbreiing. Str. 2 ref. innmeldt skredproblem, men det vil truleg tåle ein del tyngde før det går ut.
Det låg også overflatekant i formasjonar mot vest-nord-nordaust/overlappande. I høgda kan dette ha føyka ned i dag - om ikkje mildværet tok knekken på det før det føyka ned.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1200 moh og 800 moh
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1200 moh og 600 moh
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, NV over 1100 moh • Tørre/våte avhengig av når/kor dei går ut: Kan gå ut ferske fokksnøflak over mildværsgrensa i dag - vil då vere lettare å løyse ut. Kan også gå ut eldre fokksnøflak over nedføyka DF/SH mot nord - men det er vanskeleg/svært vanskeleg å løyse ut. Om vi får tilstrekkeleg svekkelse av snødekket så kan det vere lettare å løyse det ut. Dette er tvilsamt, men eg legg det inn som eit notat.
Kan potensielt vere nedføyka overflatekant. Vil då vere betrakteleg lettare å løyse ut, men det dette er avhengig av om mildværet har eliminert det eller ikkje.
Men i indre del kan det også gå ut på eldre nedføyka nysnø/rim om tilleggsbelastninga ifm regn vert tilstrekkeleg stor.
Skredfarevurdering
• Mildværet pregar regionen. Det er venta naturleg utløyste våte laussnøskred. Disse vil truleg vere små, men det kan gå ut middels store skred i spesielt utsatte og bratte formasjonar. Ver også obs på at det i høgda, over sirka 1100 moh, kan gå våte flakskred om det kjem tilstrekkeleg mengde regn og snødekket svekkes tilstrekkeleg. Mest aktuelt mot nord og tilgrensande himmelretningar, i indre del av regionen.
Over mildværsgrensa vil det etablere seg ferske og ustabile fokksnøflak, men gunstig temperatur vil gi hurtig stabilisering. Per i dag, onsdag, så må ein truleg høgt til fjells for å finne skredproblemet. • Tilsynelatande litt lågare nysnøgrense i morgon, torsdag. Eventuell nedbør vil falle i kombinasjon med vind frå sørleg retning. Gunstig temp for stabilisering av fokksnø over mildværsgrensa. Truleg meir nedbør fredag, også då i kombinasjon med litt vind. Tilsvarande vindretning. Kan fort verte liggande på ein FG2 dei neste dagane. Litt rolegare vêr inn mot og gjennom helga.
Forut for mildvêret i dag, så låg det overflatekant mot nord og tilgrensande himmelretningar. Dette kan stadvis ha føyka ned - då det føyka ein del i høgda i dag - forut for temp. steig og det regna høgt til fjells: 1200-1400 moh. Ver obs om dette har føyka ned og ikkje er nedbrutt. Det skal komme meir snø inn mot helga, spes. i høgda, og om det er tilfellet, så kan ein fort få ein skummel situasjon. Det kan gi ein skarpare skredfare. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig
Notater
• Ikkje tilstrekkeleg langt til fjells i dag, så obs bere preg av det ifm manglande gode bilete og verfisering av potensielle problem.