Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Lyngen fredag 01.03.2024

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Unngå heilt ferske fokksnøflak og vurder om det er mogleg å påverke vedvarande svake lag djupare i snødekke der du ferdast.

Skredfarevurdering

Unngå heilt ferske fokksnøflak og vurder om det er mogleg å påverke vedvarande svake lag djupare i snødekke der du ferdast.

Det skal framleis vere sterk vind, og litt snø kan blåse inn i leheng og gi ustabile fokksnøflak. Etter fleire dagar med sterk vind er det berre små mengder snø som kan flyttast og gunstige temperaturar gjer at fokksnøflak stabiliserer seg raskt.

Det er vedvarande svake lag djupare i snødekke. Mange plasser er dei nok vanskeleg å påverka grunna hard overliggande snø, men det har vore fareteikn som drønn på desse laga dei siste dagane som viser at dei kan påverkast nokre stadar. Om du løyser ut skred på desse laga kan dei bli store.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3).

Kantkornet snø under skarelag

Fokksnø (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Torsdag 29. februar 2024

I det siste har det vore relativt mildt for årstida med plussgrader opptil 500 moh, tidvis mykje vind og også noko nedbør måndag. Snøoverflata er difor varierande og vekslar mellom våt og fuktig snø, skare, vindpåverka snø av ulik hardheit og enkelte stadar ubunden snø.

Djupare i snødekke finnast det ulike vedvarande svake lag av kantkornlag, men plasseringa i snøpakken varierer. Nokre kantkornlag er rundt skarelag danna etter kortvarige mildvêr i slutten av januar. Andre finnast i tjukkare lag eller ned mot bakken. Det vekslar også kor lett det er å påverke laga. Det er denne veka rapportert om fareteikn som drønn og skytande sprekker fleire stadar i regionen, medan det andre stadar verker vanskeleg å påverke laga.

Natt til torsdag gjekk det nokre naturleg utløyste flakskred frå Pollfjellet.

Fjellvær

Torsdag 29. februar 2024

2-4 mm nedbør i døgnet. Nedbør som regn opp til 200 moh om kvelden. Liten kuling fra sørvest. -9 °C til -2 °C på 1100 moh. Skyet. Periodevis stiv kuling på ettermiddagen.

Fredag 1. mars 2024

Oppholdsvær. Liten kuling fra sør, endring til frisk bris fra sør om kvelden. -7 °C til 2 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS