Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Nord-Troms tirsdag 12.12.2023

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Skred kan løysast ut fokksnø og på vedvarande svake lag.

Skredfarevurdering

Sist veke vart det danna fokksnøflak når det var sterk vind, og det er framleis mogleg å løyse ut skred i desse. Dette er fordi kaldt vêr har gjort at stabiliseringa går seint, men særleg for at flaka stadvis ligg over vedvarande svake lag av kantkorn og/eller rim. Vedvarande svake lag gjer at skred er lettare å løyse ut, også frå avstand. Storleik på eventuelle skred er avhengig av kor mykje snø som har samla seg i det aktuelle henget, dei fleste stadar er dei relativt små. Små skred kan likevel ha alvorlege konsekvensar, særleg i terrengfeller og når det er så mykje oppstikkande stein som no.

Det er også vedvarande svake lag djupare i snødekket. Desse verkar vanskelegare å påverke, men det er framleis mogleg.

Lengst ut på kysten, som på Arnøya og Skjervøy kan det ha danna seg små ustabile nysnøflak mandag.

Skredproblemer

Fokksnø (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Kantkornet snø over skarelag

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Mandag 11. desember 2023

Det har vore stabilt kaldt vêr den siste tida, men sterk vind påverka snøen i førre veke. Det er difor fokksnø mange stadar og på dei mest vindutsette stadane er det avblåst ned til bakken. I skjerma terrengformasjonar og i skogen kan det framleis vere ubunden snø.

Djupare i snødekket er det vedvarande svake lag i fleire nivå. Det er kantkorn med bakken, kantkorn i samband med skare i tillegg til at det kan er rim og kantkorn under den nyaste fokknsøen.



Fjellvær

Mandag 11. desember 2023

0 mm i døgnet, opp mot 5 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Bris fra vest. -21 °C til -9 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Tirsdag 12. desember 2023

Oppholdsvær. Bris fra sørøst. -22 °C til -10 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS