Hopp til hovedinnhold

Enkel observasjon

I Varsom-appen kan du velge om du vil legge inn enkel eller fullstendig observasjon. Enkel observasjon skal vere raskt og enkelt og legge inn, men vil likevel gi verdifull informasjon til andre som ferdast på fjellet og snøskredvarslinga.

Viss du velger å legge inn enkel observasjon vert du berre spurt om det som er aller enklast å observere, men også aller viktigast å følgje med på for å gjere eigne vurderingar når du ferdast i snøskredterreng. Når du legg inn observasjon fyrste gong er det enkel observasjon som er forhåndsvalgt.

Du kan legge inn:

  • Snøoverflate - Kva type snø er det på overflata? Er det mykje laussnø? Eller er snøen fast?
  • Fareteikn - Når ein opplever fareteikn så er det eit teikn på at ein bør unngå snøskredterreng.  Fareteikn som drønn i snøen og sprekkar som oppstår under deg og skyter langt ut frå deg er typiske teikn på at det kan vere det som vert kalla vedvarande svake lag i snøen under deg.
  • Nysnø siste 24 timar? - Ny snø treng ofte tid på å stabilsere seg. Det er difor fint å vite kor mykje det har snødd rundt om i landet.

Hugs: Prøv å alltid legg inn bilete av det du ser. Mange gonger er det nok å kun legge inn bilete.

Du kan bytte til fullstendig observasjon ved å bruke glidebrytaren øverst til høgre.