Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredfare i vår- og sommarsnø

Når våren eller sommaren har kome i fjellet, og snødekket er gjennomsmelta, er det lettare å oppdage og handtere skredproblem enn det er om vinteren.

1. juni er det slutt på sesongen for snøskredvarsling. Korleis skal du då handtere snøskredfaren? Viss sommaren har kome så langt at snødekket er smelteomvandla slik at det ikkje lengre finst forskjellege typar snø i snødekket så er det mykje enklare enn om vinteren. Dei mest aktuelle skredproblema for skiløparar og skuterkøyrarar er no å finne i overflata, noko som gjer gjenkjenning og handtering av skredproblem lettare. For å hjelpe dykk til å sjå etter dei rette tinga har me lista opp nokre typiske vêrsituasjonar og tilhøyrande skredproblem her.

Felles for dei fleste våte skred med unntak av våte laussnøskred er at dei for det meste løsnar av seg sjølv, og det går flest skred når sola varmar snødekket, temperaturen stig raskt eller ved kraftig regnvêr.

Dagleg smelting og gjenfrysing

Varme dagar og kalde netter gjer at snødekket endrar seg gjennom dagen. Snødekket er mest stabilt når overflata er hard. Når varmen gjer at overflata smeltar aukar både faren for våte laussnøskred i overflata og det kan bli lettare å påverke eventuelle svake lag lengre nede i snøen.

Ver bevisst på når på døgnet du bevegar deg i bratt terreng. Hugs at varsla faregrad beskriver den delen av dagen som gjev høgast snøskredfare. Når det er fare for våte laussnøskred må folk som ferdast i fjellet vere forsiktige så dei ikkje løyser ut skred på kvarandre.

Viss det finst islag som ikkje drenerar vatn i snøen kan smeltevatn hope seg opp her og gje våte flakskred. Det kan også vere tilhøve for glideskred.

Smelting utan gjenfrysing

Når både dagane og nettene er varme er det mogleg å få alle typar våte snøskred. Ver også merksam på at skavlar kan brekke og falle ned. Det er mogelegheitar for glideskred ved bakken.

Det er vanskeleg å forutsjå når desse går, men viss du legg merke til at glidesprekkar utvidar seg er dettte eit teikn på auka fare.

Sørpeskred

Når smeltinga pågår døgnet rundt aukar også faren for sørpeskred. Desse kjem på grunn av overmetting av vatn i snødekket, og kan gå i svært slakt terreng.

Sjå etter om snødekket nede i botnar og forsenkningar byrjar å sjå blåaktig ut. Dette er eit fareteikn og du bør då halde deg unna elveleier og terrengformasjonar som kan lede vatn/sørpe.

Me kan også få flakskred på grunn av opphoping av vatn i snødekket og våte laussnøskred i overflata.

Gjenfrysing av snødekket utan smelting om dagen

Når det har vore varmt og vert kaldt igjen får me eit skarelag i snøoverflata. Så lenge denne skaren er bærande skal det mykje til for å påverke eventuelle svake lag djupare i snødekket.

Viss underliggande snødekke er vått kan det likevel bli så mykje vatn ved bakken at glideskred kan løsne. Men stort sett vil denne situasjonen gje trygge og stabile skredforhold.

Hugs at hard snøoverflate kan gje utglidningsfare for skiløparar i bratt terreng.

Korleis finne og dele informasjon om snøforhold når det ikkje er skredvarsling?

regobs.no eller på Varsom-regobs app kan du finne snøobservasjonar og vurderingar som andre har gjort for det området du skal på tur. Og du kan sjølv dele dine erfaringar med andre. Eit par bilete av terrenget som viser snøfordeling kan vere til god hjelp for folk som skal på ski. Bruk regobs både til å dele og lese observasjonar så lenge det finst snø i fjellet.

Stor snøskredfare?

Sjølv om me er ferdige med å publisere regionale varsel den 31. mai så tek ikkje snøskredvarslarane ferie. Dei tre fyrste vekene i juni, og i frå medio oktober og til 1. desember føl me med på vêrmeldingar og publiserar snøskredvarsel viss det ser ut som at me kan nå ein faregrad 4-stor eller 5-meget stor. Desse varsla vert publisert på varsom.no. Du kan også abonnere på snøskredvarsel og andre naturfarevarsel på https://abonner.varsom.no/.