Hopp til hovedinnhold

Tester

Det finst mange forskjellege testar du kan gjere for å finne svake lag og undersøke stabilitet i snøen.  Mange av dei er enkle å gjennomføre, men det kan vere vanskeleg å vurdere resultatet ein får.

I regObs har du mogelegheit til å legge inn utvida kompresjonstest (ECT),  kompresjonstest (CT), Lille blokktest (LBT), Propagation Saw test (PST) og Rutsjblokktest (RB). Viss du vil legge inn andre type testar så kan du beskrive dei i kommentarfeltet. Det viktigaste med ein slik test er ikkje kor mange slag eller kor mykje belastning som skal til før du får eit brot i blokka, men di tolking av brotet. Forplanta brotet seg bort over heile blokka i ECT-test? Det kan vere ein indikasjon på at liknande kan skje i eit skred også. Kva slags snø var det i det svake laget som gjekk til brot? Og låg laget under solid skare? Då må du vurdere om det er mogeleg å påverke dette laget i andre situasjonar. Kanskje grunnen til at du klarte å påverke laget var at du hadde saga gjennom overliggande skarelag?

Du kan lese meir om korleis utføre stabilitetstestar i vår felthåndbok. Ein kort beskrivelse finn du også her nedanfor.

Bruce Jamieson har flere videoer som omhandler snøskred-relaterte tema. Her en video som forklarer flere forskjellige stabilitetstester.