Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Lyngen lørdag 13.04.2024

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:
Skred kan løysast ut på vedvarande svake lag og i fersk fokksnø.

Skredfarevurdering

I fjellet er det mogleg å løyse ut skred i fersk fokksnø, og det vil vere lettast høgt til fjells der mildvêret ikkje har påverka. Fokksnøen ligg stadvis på vedvarande svake lag, noko som gjer at skred også kan løysast ut frå avstand, bli større enn om slike lag var fråvêrande og at det ikkje stabiliserer seg så fort som fokksnøen i seg sjølv gjer.

Enkelte mindre våte skred kan gå i snøen som tidlegare ikkje har vore fukta under mildvêrsgrensa.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Fredag 12. april 2024

Temperaturane er svinga dei siste dagane, med mildvêr opptil ca. 900 moh onsdag, og kaldare og nedbør frå nordvest torsdag. Snøen har vore gjennomvåt og fryst på opptil 400 moh, medan det høgare er fokksnø av varierande hardheit, og laus snø i meir skjerma terrengformasjonar. Denne snøen ligg på skare til ca. 900 moh. Mildare temperaturar utover dagen vil gjere snøen fuktig stadig høgare til fjells.

Det er fleire vedvarande svake lag i snødekket. Laget som er lettast å påverke ligg høgt i snødekket og vart danna under finværsperioda i påska, og dette har gitt fleire fareteikn som drønn og skred dei siste dagane. Vedvarande svake lag som ligg djupare i snødekket ligg generelt låst under hard skare og er ikkje eit skredproblem no.

Denne veka har det gått mange skred i regionen, både våte skred i mildvêr og sol, samt tørre flakskred i fokksnø frå torsdag, som stadvis ligg på vedvarande svake lag.

Fjellvær

Fredag 12. april 2024

1-3 mm nedbør i døgnet. Nedbør som regn opp til 300 moh om ettermiddagen. Bris fra sørvest. -6 °C til 1 °C på 1100 moh. Skyet.

Lørdag 13. april 2024

4-7 mm nedbør i døgnet. Nedbør som regn opp til 900 moh om ettermiddagen. Frisk bris fra sørvest. -3 °C til 3 °C på 1100 moh. Skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS