Turplanlegging
For å ferdast så trygt som råd er det viktig med ein god plan. Det gjer at de alle er einige om kva terreng ein skal ferdast i, kva skredproblem de forventar å møte og korleis de skal unngå dei, og kva som skal til for at de må avbryte turen. Hugs også å bli einige om ein alternativ plan i tilfelle tilhøva ikkje er som forventa og turen ikkje let seg gjennomføre.
Med regObs app'en frå NVE i samarbeid med Statens Vegvesen, får du brattheitskart, kart over utløpsområder og mulighet til å lese både egne og andres observasjonar.
På regobs.no kan du sjå kva snøobservasjonar andre har lagt inn. Det kan vere nyttig og sjå om det er gjort observasjonar dei siste dagane for den staden du skal på tur. Dette kan hjelpe deg til å gjere gode lokale vurderingar av snøskredfaren. Sjå film nedenfor for å få eit inntrykk av korleis du kan leite etter informasjon på regobs.
Hugs at du også kan hjelpe andre med å legge inn dine observasjonar i regobs.
Kven går kvar? Når?
Folk har forskjelleg mål med tur, og forskjellege forutsetningar for å ferdast i skredterreng. Mange er nok nøgde med å halde seg utanfor skredterreng. Viss de skal på tur i skredterreng er det viktig at ein er klar over ferdigheitane til alle i gruppa når det gjeld å vurdere skredfare, kor flinke dei er til å vurdere terreng, skiferdigheitar og kor mykje dei har øvd på kameratredning. I tillegg må ein vere sikker på at skredustyret er med og i orden.
Bruk gjerne skredkortet vårt som eit hjelpemiddel i turplanlegginga.
Eit utgangspunkt for valg av turområde kan vere KAST terrengklassifisering. Dess høgare terrengklasse du vel å ferdast i, dess meir erfaring og kunnskap må du og gruppa ha, i tillegg til at høge terrengklassar krev stabile forhold og god sikt.
Brattheits og utløpsområdekart
Når du skal planlegge ein tur i vinterfjellet i forhold til snøskredfare er vurdering av brattheit det fyrste og det aller viktigaste du skal gjere. Viss terrenget ikkje er bratt nok til at det kan løsne skred og du ikkje skal gå i nærleiken av skredterreng vil du alltid vere trygg.
Du kan bruke eit brattheitkart for å finne informasjon om kor bratt terrenget er. I Varsom regobs app kan du også sjå automatisk genererte utløpsområder. Les om brattheits og utløpsområde karta her.
Snøskredvarselet – regionalt varsel
Viss du utifrå brattheitskart eller anna informasjon finn ut at turen din går i skredterreng lyt du gjere ei vurdering av skredfaren i området. Då er det lurt å byrje med snøskredvarselet for regionen du skal gå på tur i. Det regionale varselet finn du både på varsom.no og du kan også finne det på varsom sin app.
Du må sjekke kva som er skredproblemet og avgjere om du er i stand til å gjenkjenne dette. Viss du er sikker på at du klarar å gjenkjenne skredproblemet i terrenget bør du også ha mogelegheit til å unngå det.
Les meir om kva dei forskjellege elementa i skredvarselet betyr her.
Vêrmelding
Etter du har fått god oversikt over snødekket i området du skal på tur i lyt du finne ut av kva vêr som vil påvirke snøen i tida fram til du skal på tur og medan du er til fjells. Den mest brukte portalen for vêrmeldingar her i landet er yr.no. Men du bør også sjå på «Fjellvær» på snøskredvarselet. Dette er ei vêrmelding som er utarbeida med fokus på vêret i fjellet. Kor mykje snø som kjem er ein av dei viktigaste faktorane i forhold til både å finne godt skiføre, og for å vurdere snøskredfare. Sjogg.no presenterer forventa snømengde dei neste 3 døgna på ein oversiktleg måte.
Fersk info om snø og skred?
På regobs.no eller i Varsom Regobs app kan du sjå om andre har vore på tur og lagt inn snø- og skredobservasjonar i det området du har tenkt deg på tur. Bruk informasjonen her for å vurdere om skredvarselet stemmer eller det er andre forhold her enn generellt i regionen. Observasjonar som andre legg inn vert tilgjengelege med det samme. Viss du opplever noko som du sjølv tek hensyn til i dine vurderingar er det flott om du også deler det med andre. Dette kan hjelpe andre til å gjere betre vurderingar. Det vil også hjelpe snøskredvarslinga til å lage eit betre varsel. Korleis du kan legge inn informasjon i regobs kan du lese her. Viss du er fersk med bruk av regobs så anbefallar me at du bryjar med å følgje med på fareteikn. Opplever du fareteikn så bør du vektlegge det når du gjer vurderingar ute i fjellet.