Skredstørrelse 2 - middels

Skredet under er løyst ut av ein skikøyrar som kom over kanten om lag midt i skredet. Det har gått på eit vedvarande svakt lag av kantkorna snø. Skikøyraren klarte å køyre ut av skredet. Sjå heile observasjonen.

Dette er eit lite str. 2 skred. Skredet vart fjernutløyst av personen som har laga trugespora. Det gjekk på svakt lag av nedføyka overflaterim. Legg merke til dei oppstikkande granene som kunne ha skada folk viss dei vart medrivne i skredet. Sjå fleire bilete av skredet i regObs.

Dette skredet var omlag 40 m breidt, 15 meter langt og 40 cm tjukt. Det gjev eit volum på 240 m3. Str 2. skred er mellom 100 mog 1000 m3. Sjå fleire bilete av dette skredet, og at det er stort nok til å skade eller ta livet av skiløparar i regObs.